Gnawa Youmala er ei Paris-basert gruppe som vart starta av Jaouad El Garouge og Redouane Raifak, som tidlegare spelte i den legendariske marokkanske gruppa Nass El Ghiwane. Bandet speler gnawa-musikk: Ein nordafrikansk songtradisjon som er knytt til spirituelle ritualer, poesi og dans, og som tek opp i seg element frå arabisk og berbisk tradisjonsmusikk. Gnawa Youmala kombinerer tradisjonelle instrument som guembri og qaraqeb med fiolin og banjo, og skapar eit nytt og grensesprengande klangunivers med djupe røter. Medan dei er i Noreg slepp dei plate på Global Oslo Music sitt label Global Sonics.
Jaouad El Garouge – guembri, vokal
Redouane Raifak – banjo, karkabou, vokal
Younes El Garouge – karkabou, kor
Hafed Idir – karkabou, kor
Inger Hannisdal – fiolin, kor
Furat El Rammeh – trommer, perkusjon, kor
Konserten inngår i billetten Huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.
English:
Gnawa Youmala is a Paris based group started by Jaouad El Garouge and Redouane Raifak, who played in the legendary Maroccan group Nass El Ghiwane. The band plays within a genre called «gnawa», where North African ritual and spiritual song, poetry and dance meets arab and berber music traditions. Gnawa Youmala combines traditional instruments such as the guembri and qaraqeb with fiddle and banjo, exploring a groundbreaking modern take on a genre with deep roots.