Jazz er eit ord som blir forstått over heile verda, men som ingen har greidd å finna opphavet til (det manglar rett nok ikkje på teoriar). Slik er Jazzen. Vanskeleg å fanga, men ein fest å oppklara.
Saman med pianist Sjur Hjeltnes, og musikalske gjester, gir Linda Eide oss jazzhistoria fortalt gjennom jazzens mange utrykk og begrep.
Dixieland, tradjazz, rag, shuffle, bebop. Ja, kven kom eigentleg med bebopen? Og kva skjedde med swingen då? Og når vart saxofonen Djevelens horn? Og kvifor vart akkurat dette instrumentet bannlyst av både Paven, Hitler og Stalin?
Og når kom folkemusikken inn i jazzen? Eller var det jazzen som kom inn folkemusikken? Og går det an å få meir fusion her i verda, enn det var på åttitalet?
Gi jazz! Vossa Jazz har gitt jazz i femti år. Det har påverka alle vossingar og gjort dei langt over gjennomsnittet jazzinteresserte. Det gjeld også for Eide og Hjeltnes, begge trufaste vossajazzingar.
No gir dei noko tilbake til festivalen, ei jubileumsgåve, ein historietime det skal swinga av.
Medverkande:
Linda Eide
Sjur Hjeltnes – tangentar
Musikalske gjester
English:
The origins of the word «jazz» are unclear, with some suggesting it comes from «Paois jass» (Creole for an exhausting activity) and others saying it comes from «jasm» (American slang for drive, energy, excitement, and vitality). Despite being understood worldwide, the origin of the word remains unknown. This reflects the nature of jazz itself, which is difficult to define but a joy to explore.
Together with pianist Sjur Hjeltnes and musical guests, Linda Eide presents a history of jazz through its many expressions and concepts. This includes genres and phenomena like Dixieland, traditional jazz, jive talking, jazz clubs and bebop. Who exactly introduced bebop? What happened to swing? Why was the saxophone considered the Devil’s horn by Pope, Hitler, and Stalin?
Vossa Jazz has been bringing jazz to the community for 50 years, influencing all locals and making them particularly interested in jazz. This is also true for Eide and Hjeltnes, both devoted Vossa Jazz enthusiasts. They are now giving back to the festival with a special anniversary presentation on the history of jazz that is sure to swing.