

Folkrockbandet Gangar kom som ein komet, og har spreidd sine grensesprengande versjonar av norsk tradisjonsmusikk med gnistrande liveshow. Bandet finn inspirasjon hjå legender som AC/DC og Meshuggah, men også frå historiske voksrullopptak av norsk folkemusikk. Med eit nytt og unikt lydbilete gjer Gangar kulturarva tilgjengeleg og moro for publikum utan å kompromissa overfor tradisjon – og lagar samstundes ein skikkeleg fest.
Sjølv om bandmedlemane har ulik bakgrunn frå fokemusikk, metal, jazz og rock, har dei likevel felles ei djup kjærleik til musikken. Ver budd på tradisjonsrike melodiar, tunge riff og virtuose soloar, headbanging og halling, kanskje ei brennande fele, samt ein heilt ekstrem speleglede.
«Hvis du ikke blir glad av Gangar er du faenmeg sur!” -Tuva Syvertsen
Mattias Truell Thedens – feler
Henrik Dullum – trommer
Jonas Thrana Jensen – Bass og TM
Oskar Lindberget – saksofon
Richard Max – gitar
Foto: Anine Desire
Denne konserten får du med deg dersom du har festivalpass, dagspass laurdag eller huskort laurdag.