Årets festivalkunstnar, Ståle Gerhardsen, har éin regel: Om det er gøy, så gjer han det!
På få år har trønderen etablert seg som ein av dei mest aktive kunstnarane i Trondheim, med ei rekke utstillingar og utsmykkingar landet rundt. Gerhardsen er ein allsidig kunstnar, som lagar alt frå store fasademåleri, gjerne fleire etasjar høge, til mindre skulpturar og måleri i meir smålåtne storleikar.
Kunsten til Gerhardsen er leiken, fargerik og vital. Med inspirasjon frå hiphop og gatekunst, men også grensesprengande kunstnarar som Pablo Picasso og Salvador Dalí, har dei leikne verka hans ofte ein melankolsk undertone. Fleire av prosjekta hans har involvert publikum, offentleg rom og psykisk helse:
“Ståle Gerhardsen er en som fokuserer mye på mental helse i sin praksis. Verkene hans fremmer inkludering, relasjoner, humor og lek! Det er synlig i verkene at han leker seg frem til de riktige penselstrøkene, med bevegelser og følelser! Gerhardsen minner oss på disse viktige følelsene i hverdagen uten at det blir for direkte.” – Rebekka Thistel, Galleri Geo
Gerhardsen er oppvaksen i Trondheim, og er utdanna innan grafisk design. I tillegg til femten års erfaring i designbransjen, har han vore festivaldirektør, drive eit klesmerke, skrive og illustrert bøker, drive eit forlag og heldt hundrevis av føredrag. Ein dag bestemde han seg for å seia opp draumejobben, for å fokusera på kunsten på heiltid, og dét er me glade for!
Denne kunstutstillinga er eit samarbeid mellom Vossa Jazz, Voss kunstlag og Voss kulturhus.
English
Ståle Gerhardsen from Trondheim has one rule: If it’s fun, he’ll do it!
In only a few years, he has established himself as one of the most active artists in Trondheim, having done a series of shows and murals all around Norway. Gerhardsen is a versatile artist, and creates everything from several stories high wall paintings, to sculptures and paintings in more modest sizes.
His art is inspired by hiphop and street art, but also by artists like Pablo Picasso and Salvador Dalí. The playful and colorful works of his also often carry a melancholy about them, and will also involve audiences, public space and mental health. At one point Gerhardsen decided to quit his dream job to pursue making art. At Vossa Jazz, we’re happy he did!
Opningstider festivalutstilling:
Fredag 22.mars kl 16:30-20:00
Laurdag 23.mars kl 11:00-15:00
Sundag 24.mars kl 12:00-15:00