Afrobeat-kongen Femi Kuti var ein av artistane me hadde booka då pandemien traff i 2020 – no kjem han heldigvis sterkt tilbake til Vossa Jazz 2022!
Faren Fela Kuti var ein pionér og ei stjerne innan den rytmedrivne, vestafrikanske miksen av jazz, funk, highlife og yorubamusikk som har fått namnet afrobeat. Sjangeren kan gjerne skildrast med enklare ord: Dette er musikk av den typen som får ein til å danse til ein gløymer tid og stad. Drivande, fengslande og groovy greier med mangslungen perkusjon og tekstar med politisk brodd.
Sonen Femi byrja å spele i bandet til faren på 80-talet, og han fekk snart ein sjølvstendig karriere som bandleiar for gruppa Positive Force. Han tok over afrobeat-trona etter faren, då han gjekk bort sist på 90-talet.
Sidan då har Femi berre vorte betre, større og viktigare. Han har jobba kontinuerleg med å finne balansen mellom sjangerutviding og respekt for dei vestafrikanske musikktradisjonane uttrykket hans spring ut av. Ein finn spor av både hiphop, r&b, punk og rock i låtane hans, utan at dette er teikn på utvatning – tvert imot. Femi Kuti er tru mot seg sjølv, sin bodskap og si musikkjensle på ein måte som det står respekt av.
Dette sa Femi sjølv om 2020-utgjevinga One People One World:
On this album, I kept to my roots and let the music flow through me, without diluting it. I didn’t think funk, or Afrobeat, or anything else. If you hear something in the melodies, it may be there, but as a composer, I surrendered to the higher forces that give me this gift to play music and let it flow out of me.
Med eit genuint politisk engasjement som drivkraft har Femi Kuti òg vorte ein sentral aktør innan internasjonalt humanitærarbeid. Som talsmann for UNICEF og deira arbeid for born, utdanning og førebygging av HIV og AIDS, har Femi vorte ei høgt akta røyst og ein stor inspirasjon innan arbeid mot kolonial mentalitet og humanitære og økonomiske vanskar.
I 2021 kom det eit nytt album frå Femi Kuti, med navnet Legacy +. Dette er eit dobbeltalbum, der den eine plata er laga av neste generasjon Kuti: Sonen til Femi, den drivande dyktige multiinstrumentalisten Made Kuti. Me gler oss stort til å sjå, høyre og danse med Kuti’ane og bandet på Vossa Jazz 2022!
Femi Kuti – vokal, saksofon
Omorinmade Anikulapo Kuti –tenorsaksofon
Benjamin Olubunmi – bass
Opeyemi Awomolo – gitar
Oluwaseun Ajayi – keyboard
Kate Udi – kor, dans
Jumoke Adigun – kor, dans
Gbenga Ogundeji – trompet
Tunde Ankra – trombone
Ayodeji Adebanjo – tenorsaksofon
Ayoola Magbagbeola – barytonsaksofon
Alaba Ayodele – trommer
Toby Mills – perkusjon
Konserten inngår i billetten Huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.
English
The king of afrobeat comes to Vossa Jazz! Son of Fela Kuti – arguably the creator of the afrobeat genre, mixing jazz, funk, highlife and yoruba music with West African traditional percussive music – Femi made a name for himself as the leader of the band Positive Force in the late 80s. Since then he has become bigger, better and more important with each release. Femi balances respect for african traditional music with genre expanding revitalization and political activism in a masterful way.
On this album, I kept to my roots and let the music flow through me, without diluting it. I didn’t think funk, or Afrobeat, or anything else. If you hear something in the melodies, it may be there, but as a composer, I surrendered to the higher forces that give me this gift to play music and let it flow out of me. – Femi Kuti about the 2020 release One People One World
This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Strictly Necessary Cookies
Strictly Necessary Cookie should be enabled at all times so that we can save your preferences for cookie settings.
If you disable this cookie, we will not be able to save your preferences. This means that every time you visit this website you will need to enable or disable cookies again.