Lastar Hendingar
Foto Tore Sætre

Eyolf Dale Trio

  • Dette arrangementet er ferdig.
laurdag 9. april

Kl 12:00

Mange av dei store jazzpianistane har gjort noko av sitt finaste arbeid i små format: Bill Evans, Keith Jarrett, Brad Mehldau har alle hatt legendariske trioar, og no har Eyolf Dale òg ein, som seg hør og bør!

Musikalsk har Eyolf Dale alltid bevegd seg i eit melodisk og rytmisk utforskande, syngande og klangrikt leie, til glede for jazzelskarar verda rundt. I 2021 kom plata BEING, eit særs lyrisk og sjelfullt album i skjæringspunktet mellom jazz og klassisk, som fall i smak hjå både publikum og musikkpressa. «Hvis Chopin var jazzpianist hadde han høyrdest ut som Dale», har det vorte sagt om spelestilen hans.

Dale har med seg musikarar frå det absolutte toppsjiktet i norsk jazz. Trommeslagar Audun Kleive er ei levande legende i norsk jazzhistorie, med nærare to hundre utgivingar bak seg, tallause turnear i inn- og utland, og ei formidabel evne til improvisert samspel, har han vorte ei inspirasjonskjelde for fleire generasjonar unge musikarar. Bassist Per Zanussi har siden seint 90-tal markert seg som ein høgst original og søkande musikar og komponist, og er viden kjent for sine eigne band og orkestre. Med Kleive og Zanussi er det duka for eit uhyre tett og dynamisk samspel med både improvisasjon, uventa vendingar og gjennomarbeida komposisjonar frå øvste hylle.

Eyolf Dale – piano
Per Zanussi – bass
Audun Kleive – trommer
Sven Persson – lyddesign

 

English
If Chopin was a jazz pianist he would sound like Eyolf Dale! As one of Norway’s finest pianists and composers, it is only right that he has a world class trio to help him explore his musical ideas. Their latest album BEING (2021) is a lyrical, soulful and atmospheric piece of music, popular both amongst jazz lovers and the music press.