Lastar Hendingar

Espen Berg Trio

  • Dette arrangementet er ferdig.
laurdag 25. september

Kl 15:00

Stjernepianist Espen Berg har vunne den prestisjetunge jazzprisen JazZtipendiatet, han har laga bestillingsverk til Moldejazz med Trondheim Jazzorkester som «backingband» og han har spelt med artistar som Seamus Blake, Anders Jormin, Mathias Eick, Marius Neset, Mats Eilertsen og Per Jørgensen, for å nemne eit lite utval. Men det er trioen som er ryggrada i det kunstariske virket hans.

Tredjealbumet til Espen Berg Trio, Free to play, kom i 2019, og medførte konsertar verda over og lovord frå internasjonal jazzpresse:

«Like all the best music, this album reveals something new and pleasing on each successive hearing», skreiv Barry Witherden frå BBC Music Magazine.

Det fargerike albumet utfordrar med melodisk og rytmisk kompleks jazz, strålande framført av den dynamiske og temperamentsfulle trioen. Musikken er tydeleg influert av amerikansk jazztradisjon, blanda med nordiske klangar og stor eksperimentvilje frå Berg, bassist Bárður Reinert Poulsen frå Færøyene og København-baserte Simon O. Albertsen

Ikkje gløym å sjekke ut den nydlege konsert-videoen frå Lofot-fjella, nedst på sida!

Espen Berg – piano
Barður Reinert Poulsen – bass
Simon Olderskog Albertsen – trommer

 

 

English:
Norwegian piano player Espen Berg has played in various constellations with artists such as Seamus Blake, Anders Jormin, Mathias Eick, Marius Neset, Mats Eilertsen and Per Jørgensen to name a few. But the backbone of his musical life is his trio. With the colorful album Free to Play (2019), the group challenged both themselves and the listeners with melodic yet rythmically complex jazz music, influenced by American and Nordic jazz music. «Like all the best music, this album reveals something new and pleasing on each successive hearing», wrote Barry Witherden from BBC Music Magazine.