Lastar Hendingar
Erlend Skomsvoll
Erlend Skomsvoll

Opningskonsert: Erlend Skomsvoll

  • Dette arrangementet er ferdig.
fredag 27. mars

Kl 19:00

Folkemusikk og jazz – begge har alltid vore viktige for Vossa Jazz, og kva er betre enn å kombinera dei to?
Det har tidlegare vore gjort med stor suksess, mellom anna Arild Andersen sitt tingingsverk Sagn frå 1990, der han hadde med seg Kirsten Bråten Berg.

No har Vossa Jazz og Riksscenen utfordra jazzpianist, komponist og arrangør Erlend Skomsvoll til å samla eit stjernelag frå begge sjangrane og urframføra dette under årets festival. – Eg har sidan gymnastida hatt ein fascinasjon for norsk folkemusikk, utan å ha hatt høve til å gjera noko med dette i praksis. No er tida inne for å finna samanhengen mellom jazz og folkemusikk, på same måte som eg har jobba med klassisk og rock før.

Til dette har han valt musikarar som meistrar folkemusikk og beslekta stilar til fulle. Det kan nærast kallast eit folkejazz allstars band. Skomsvoll er ikkje uvand med å jobba med dyktige musikarar etter eigne prosjekt med Come Shine, som dirigent og arrangør for Trondheim Jazzorkester og samarbeid med internasjonale toppnamn som Pat Metheny og Chick Corea samt rockesuksessar som Kaizers Orchestra sitt Violeta 3-album. Velkomen, mangfald!

Erlend Skomsvoll – piano, orkesterleiar
Wenche Losnegård – vokal
Erlend Apneseth – fele
Anders Røine – gitar
Ole Morten Vågan – bass
Birger Mistereggen – melodisk slagverk
Hans Hulbækmo – trommer

FØR KONSERTEN STÅR KARL OVE KNAUSGÅRD FOR DEN OFFISIELLE OPNINGA AV VOSSA JAZZ 2015.

Erlend Skomsvoll om Vossa Jazz:

ENGLISH
Traditional folk music and jazz – these are both important ingredients at Vossa Jazz and what better than combining them? Composer and bandleader Erlend Skomsvoll has been challenged to do so and has gathered a team of skilled musicians each in their genre, resulting in a folkjazz all-stars band. Skomsvoll has worked with his own projects through bands like Come Shine and as bandleader for Tronheim Jazzorchestra and their collaborations with Pat Metheney and Chick Corea as well as one of Norway`s biggest rock export article, Kaizers Orchestra. Long live variety!