Lastar Hendingar

Ekstrakonsert, Real Ones: Misa Criolla

  • Denne hending er over.
fredag 27. november

Kl 18:00

Fredag 27. november skal Real Ones framføra den latinamerikanske messa Misa Criolla i Vangskyrkja. Det blir ein annleis, men inderleg jolakonsert, salig og blanda, med latinamerikanske melodiar, nydeleg fleirstemt song og Real Ones’ umiskjennelege lydbilete.

Misa Criolla er opphaveleg eit korverk, skrive av den argentinske komponisten Ariel Ramirez (1921-2010). Verket er arrangert for band av Real Ones sjølv, og dei syng på spansk!

Misa Criolla består av fem satsar, Kyrie, Gloria, Credo, Sanctus og Agnus Dei, i tillegg til instrumentalparti komponert av Real Ones. Musikken vekslar mellom lyriske, klassiske korparti og livlege, latinske rytmar – det heile framført med den bandenergien som kjenneteiknar Real Ones.

I 2014 gav Real Ones ut sin versjon av Misa Criolla på plate, til strålande omtalar og til ein svært begeistra publikumsrespons, blant på Vossa Jazz i 2015. No gler bandet seg til å ta opp igjen denne musikken. Og settingen kunne ikkje vore betre enn i den ærverdige Vangskyrkja.

Då dei vitja Vossa Jazz gav «Hordaland» Misa Criolla full pott om omtala konserten som «himmelsk vakker».

I tillegg til Misa Criolla vil Real Ones spela eit knippe eigne songar og instrumentallåtar som passar til dette spesielle høvet.

David Chelsom Vogt – fele, vokal, tangentar
Ivar Chelsom Vogt – gitar, vokal, tangentar
Jørgen Sandvik – gitar, vokal
Øystein Skjælaaen – bass
Kåre Opheim – trommer