Lastar Hendingar
Foto: Jan Granlie

Dag Helleve: Vettùren so va

sundag 29. mars

Kl 12:00

Me kjenner Dag Helleve som innovativ og tradisjonsberande forfattar, der naturskildringar lyftar tekstane på unikt Hellevesk vis.

Vettùren so va er ei sterk og lokalt forankra vidareføring av forfattarskapet. “Utgangspunktet for prosjektet er personlege erfaringar frå vinter og natur på Voss. Eg har alltid vore glad i å gå på ski, men dei siste åra har vintrane endra seg mykje – dei har vorte kortare, mildare og meir uforutsigbare. Då snøen lava ned i jola 2024, og det vart sagt at ein slik snøvinter hadde me ikkje hatt på Voss sidan 1962, kom idéen om å samla tankar og minne knytt til vinteren. Eg fann fram nokre eldre dikt og skreiv nye, korte tekstar der natur, minne og klimaforandringar ligg som eit underliggjande tema. Eg tenkte at desse tekstane kunne møta jazzen. » – Dag Helleve

Etter urpreimeren i februar 2025, skildra Lars Mossefinn i Voss Jazzklubb konserten meir som ei oppleving som legg til rette for ei indre reise av dei store: «Konseptet tematiserte barndomens nostalgi knytt til vinter på eit bakteppe av dagens klimaendringar. Musikarane Heidi Kvelvane, Bjørnar Kaldefoss Tveite og Kåre Opheim greidde på strålande vis å setja bodskapen på spissen og gje alvoret klangbotn!»

Dag Helleve – lyrikk, lesing
Bjørnar Kaldefoss Tveite – bass
Heidi Kvelvane – saksofon
Kåre Opheim – trommer

Foto: Jan Granlie

Denne konserten får du med deg dersom du har enkeltbillett til konserten, festivalpass eller dagspass sundag. Om du har pass, vurder å sikre deg med plassbillett (25 kr).

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.