Lastar Hendingar

Cosmic Swing Orchestra: The Jazz Togetherness Show

fredag 27. mars

Kl 23:30

Foto: Sigrid Erdal

«The Jazz Togetherness Show» er ikkje noko reindyrka jazzkonsert, men ei tverrkunstnarleg framsyning om sjølvforbetring, apokalypse og fellesskap, skrive av Petter Dalane. Vi fylgjer ein karismatisk hypnotisør som vert drive til vannvit av eigen tru på marknadskrefter og sjølvforbetring, før han til slutt finn både sin eigen og verda si redning i storbandet og deira musikalske samhald.

Cosmic Swing Orchestra har sidan 2018 blanda musikk, satire og performancekunst, og The Jazz Togetherness Show er deira største produksjon til no.

I ei tid prega av globale kriser, klimafrykt og eit stadig jag etter sjølvoptimalisering, druknar vi i råd om korleis vi skal bli betre, sunnare og meir vellukka. Influencarar, konsumentar og teknokratar dansar mot undergangen i jakta på den beste versjonen av seg sjølv.

Petter Dalane- musikalsk leiar, tangentar.
Aksel Rønning – sax, fløyte, klarinett. Bjørn André Syverinsen – trommer.
Erlend Kongtorp – sax, fløyte, klarinett. Even Brodwall – valthorn (french h.).0
Jenny Frøysa – barisax, bassklarinett. Jørgen Bjelkerud – trombone.
Kertu Aer – el- og kontrabass. Ola Lømo Ellingesen – trompet.
Sara Fjeldvær – vokal. Øyvind Mathisen – trompet.

Foto: Sigrid Erdal

Denne konserten får du med deg dersom du har  festivalpass, dagspass fredag eller huskort fredag.

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.