

CAPTCHA er eit nytt og friskt tilskot til den norske jazzscena.
Trioen har ein spanande akkordlaus besetning, med Øyvind Skarbø på trommer, Arne Toivo Sandberg på bass og Jørgen Bjelkerud på trombone og shrutiboks, der alle kvar for seg er sterke stemmer i den moderne jazzfloraen i Noreg.
Trioen spelar langstrekte riff og sarte, klanglege melodiar med ei fri tilnærming til form, ispedd eksplosiv og virtuos improvisasjon som balanserer på egga mellom moderne amerikansk jazzmusikk og europeisk avantgarde. Dei tre musikarane spelte saman for første gong i 2024 og har sidan den tid arbeidd fram ein brei palett av felles referansar og eit særmerkt uttrykk.
Øyvind Skarbø – trommer
Arne Toivo Sandberg – kontrabass
Jørgen Bjelkerud – trombone og shrutiboks
Foto: Irem Müftüoglu (Ø. Skarbø), Oddbjørn Steffensen (T. Fjose) og Kathrine Ween (J. Bjelkerud)
Denne konserten får du med deg dersom du har enkeltbillett til konserten, festivalpass eller dagspass sundag. Om du har pass, vurder å sikre deg med plassbillett (25 kr).