Solfrid Molland er ein songar, pianist og komponist med ein heilt spesiell musikalsk nerve. Ho vaks opp med russisk folkemusikk, sigøynarmusikk og vestleg kunstmusikk, og denne sjangerblandinga vart utløysande for hennar musikalske virke. Molland har gjort fleire reiser som gatemusikant i Europa, der ho har møtt spanande musikarar og fått inngåande kjennskap til fleire ulike sjangarar innanfor den europeiske tradisjonsmusikken.
Eitt av dei banda ho har samarbeidd med er det polske bandet Bubliczki, eit av dei mest spanande og kraftfulle banda innan moderne klesmer- og rommusikk. Dei skildrar sjølv musikken sin som ei blanding av punk og sigøynarmusikk! Dei fant fort «tonen» med Solfrid, og samarbeidet dei imellom vart utviklande for begge partar – musikken som oppstod er eit møte mellom det energiske og det kjenslevare, og mellom ulike europeiske musikkartar og tradisjonar.
Bubliczki:
Arthur Pacak – gitar, kontrabass
Fabian Kubiszyn – trombone
Krzyztof Kowalczyk – saksofon, bassklarinett, klarinett
Marek Kuniszyn – trompet
Mateusz Czarnowski – vokal, trekkspel
Michal Czarnowski – fiolin, vokal
Piotr Bruski – perkusjon
Molland Trio:
Solfrid Molland – vokal, piano, trekkspel
Gunnar Halle – trompet
Lars Tormod Jenset – kontrabass
Konserten inngår i billetten huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.
English:
Solfrid Molland is a singer, piano player and composer with a great sensability. She grew up around Russian folk music, gypsy genres and classical music, and this diversity has imprinted on her musical career. On one of her travels through Europe as a street musician she met Bubliczki, one of Polands most energetic and exciting klezmer and gypsy music bands. Their collaboration soon evolved into the making of new, original music, in a genre somewhere between Bubliczkis punk attitude and Mollands personal vision of gypsy music and classical influence.
This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Strictly Necessary Cookies
Strictly Necessary Cookie should be enabled at all times so that we can save your preferences for cookie settings.
If you disable this cookie, we will not be able to save your preferences. This means that every time you visit this website you will need to enable or disable cookies again.