Lastar Hendingar
Bjorn Alterhaug

Bjørn Alterhaug Quintet

  • Dette arrangementet er ferdig.
fredag 18. mars

Kl 21:00

Bjørn Alterhaug er ein bauta i norsk jazzhistorie. Han runda 70 år i 2015, og sidan 70-talet har han traktert kontrabassen saman med norske og utanlandske storheiter. Den musikalske mogenheiten til Alterhaug gjev seg utslag i nyanserikt, drivande og kjenslevart spel og spanande komposisjonar.

Bandet hans er eit stjernelag der alle årgangar frå 1940- til 1980-tal er representerte. Kanskje er det kombinasjonen av ungdommeleg gnist, vaksen balanse og endå litt vaksnare klokskap som gjer kvintetten til eit så utruleg bra jazzband. Det dynamiske samspelet deira er utan tvil i verdsklasse. Innocent Play er den talande tittelen på den kritikarroste sisteplata deira: Anten det er eigne komposisjonar eller standardlåtar veit Bjørn Alterhaug Quintet å formidle raffinert jazz med eit preg av uskuldig leik og generøs musikkglede.

John Pål Inderberg – baritonsaksofon
Frode Nymo – altsaksofon
Vigleik Storaas – piano
Erik Nylander – trommer
Bjørn Alterhaug – kontrabass

Billettar = Huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa enkeltbillett til berre denne konserten.

English
Bjørn Alterhaug turned 70 years in 2015. He has been one of the most important bass players in the Norwegian jazz world since the 1970s. His band consists of great Norwegian jazz musicians spanning three generations: Maybe that’s the secret behind their playful yet mature interplay. Their critically acclaimed last record was aptly called Innocent Play: the Quintet has retained an unaffected joy of music and has the artistic skill and passion to convey it to the listeners.