Lastar Hendingar

Badnajazz: Hala og pappa, med Rasmus Rhode og Marthe Valle

  • Dette arrangementet er ferdig.
sundag 24. mars

Kl 13:00

På veg heim i romskipet sitt må Hala og Pappa nødlanda på ein framand planet. Her er alt ukjend, og dei er både redde og engstelege i møte med trolla som bur der.

Etter kvart finn dei ut at trolla kanskje ikkje er så ulike dei sjølve, sjølv om det kanskje ser slik ut. Kjem Hala og Pappa seg nokosinne heim? Kva skjer når Pappa får skinnvest og tennissokkar? Og kva skal eigentleg til for å finna seg ein ny heim?

Denne badnajazzkonserten handlar om å måtta laga seg eit nytt liv på ein framand stad, sjølv når du eigentleg ikkje vil, om det å måtta læra om andre sine liv, språk og kulturar – og om kor fint det kan vera å finna seg sjølv i eit nytt og uventa fellesskap.

Dette er eit bestillingsverk av Rasmus Rohde (kjend frå Rasmus og Verdens beste band) og Marthe Valle bestilt av Vossa Jazz og Senja Barnefestival. Familieførestillinga høver for born mellom 4-100 år!

Medverkande:

Rasmus Rohde – komposisjon, tekst, gitar og vokal

Marthe Valle – komposisjon, tekst, vokal og tangentar

Annlaug Børsheim – fele og gitar

Nawar Alnaddaf – oud

Nasra Ali Omar – perkusjon

 

English

While bound for home in their space ship, Hala and Pappa have to do an emergency landing on a foreign planet. Everything is unfamiliar to them, and they´re both scared and uneasy about meeting the trolls that live there. 

This children’s jazz concert is about having to create a new life in a foreign place, even when you don’t really want to. It’s about having to learn about the lives, languages and cultures of others – and about how great it can turn out to be when you find yourself in a new and surprising community. 

A children’s show suited for children between 4-100 years old!