Lastar Hendingar

Aruán Ortiz & Rob Waring Concert Tribute «Til Grete»

  • Dette arrangementet er ferdig.
sundag 24. mars

Kl 13:00

“Lat oss spela inn eit album”, sa Aruán. “Ja, og la oss reisa verda rundt”, svarte Grete. “Fyrst må me spela inn eit album”, sa han. Slik byrja samtalen mellom den cubanske pianisten Aruán Ortiz og den norske vokalisten Grete Skarpeid.

Eit tilfeldig møte vart starten på eit ti år langt musikalsk samarbeid, og eit vakkert venskap. Skarpeid og Ortiz spelte inn to album, heldt konsertar, reiste til Cuba, og drog på fleire turnear saman i løpet av desse ti åra, før Skarpeid gjekk bort så altfor tidleg i mai 2023. Ortiz kjem til Vossa Jazz med ei musikalsk hyllest til arbeidet og venskapet deira. “Til Grete” er tolkingar av utdrag frå albuma dei gav ut – skrive av Skarpeid og arrangert og framført av Ortiz. 

Arúan Ortiz er ein cubansk pianist, fiolinist og komponist, som har vore aktiv på den progressive jazzscena i USA i meir enn to tiår. Han er i følge René Bailey frå The Art Music Lounge “ein av dei mest kreative og originale komponistane i verda”. Han har med seg vibrafonist Rob Waring, som bidrog på Skarpeid sitt andre album “Beyond Other Stories”, og som har vore ein sentral skikkelse i norsk musikkliv sidan han flytta til Oslo frå New York i 1981. 

Arrangementet vert opna av D`Kor, koret som Skarpeid sjølv stifta, og som ho med stort engasjement og smittande entusiasme dirigerte i heile 22 år. Vidare vert det vist eit utval scener frå den komande dokumentarfilmen av filmskapar Vigdis Nielsen, om møtet og venskapet mellom Skarpeid og Ortiz. Nielsen er frå Ulvik i Hardanger, og filmane hennar er prisløna av festivalar i inn- og utland. Etter ei samtale mellom Ortiz og filmskapar Nielsen følger ein pause i arrangementet, før Ortiz plukkar opp instrumenta sine for å spela “Til Grete”. Det vert ei nær og intim framføring, kor Ortiz ærar venen sin gjennom nett det som gjorde venskapet deira mogleg  – nemleg musikken.

13:00

Samtale mellom Aruán Ortiz og filmskapar Vigdis Nielsen, visning av utvalde scener frå dokumentaren “Grete og den cubanske pianisten”. Opningsinnslag av D’Kor.

14:00

“Til Grete”, konsert med Aruán Ortiz, Rob Waring, og gjest Berit Opheim.

Billetten inkluderer både film og konsert.

 

Medverkande:

Arúan Ortiz – piano, komposisjon

Rob Waring – vibrafon

Berit Opheim – vokal

Vigdis Nielsen – filmskapar

Ragna Ringset – dirigent

d’kor – vokal

Elisabeth Vannebo – tuba

Jo Asgeir Lie – trekkspel

Kåre Opheim – trommer

 

English

“Let’s record an album”, prompted Aruán. “Yeah, and let’s travel the world”, Grete answered. “First we have to record an album” he said. This is how the conversation between the Cuban pianist Aruán Ortiz and the Norwegian vocalist Grete Skarpeid, began.  

A random meeting became the beginning of a ten year long musical cooperation, and a deep friendship. Skarpeid and Ortiz recorded two albums, held concerts, travelled to Cuba, and went on several tours together, before Skarpeid passed away too soon in May of 2023. 

Aruán Ortiz, who has been active on the progressive jazz scene in the US for more than two decades, is performing a musical tribute to their friendship and to their work. In “For Grete”, Ortiz is re-interpreting a selection of songs from albums composed by Skarpeid, and arranged, produced and performed by Ortiz. He is bringing along the American vibraphonist Rob Waring, who contributed on Skarpeid’s second album “Beyond Other Stories”. 

“D’Kor” will be introducing the evening, the choir which Skarpeid herself founded, and directed with an infectious enthusiasm for 22 years. Selected scenes from the upcoming documentary about the meeting and the friendship of Skarpeid and Ortiz will be shown, and there will be an in-depth conversation between Ortiz himself, and filmmaker Vigdis Nielsen. 

And at last, Ortiz will pick up his instruments to do an intimate performance of “For Grete”, honoring his friend using just what made their friendship possible – the music.