Ho har gitt ut to soloalbum, turnert med Röyksopp, både med dei som backingband og henne som deira vokalist, laga tre bestillingsverk og gjennom all reisinga fekk ho det endå tydelegare kor ho har røtene sine.
Den nye plata «Rocks and straws» (utgjeven på Rune Grammofon) oppheld seg i eit nordisk, arktisk-akustisk landskap med musikalske påverkingar frå heile verda. Albumet er basert på dikt av den nordnorske kultpoeten Arvid Hanssen, omsett til engelsk av Roy-Frode Løvland. Drecker tek for seg naturen og menneska med innslag av naturmystikk og urfolkvokal. Produksjonen er meir analog enn ho pleier, med innspelingsteknikkar frå 70-talet. På live-sida har ho med seg storleikar som Eivind Aarset og Rune Arnesen. Gled deg til ei magisk framføring på Voss.
Anneli Drecker – vokal, piano
Eivind Aarset – gitar
Rune Arnesen – trommer
Ole Vegard Skauge – bass
Jane Kelly – vokal
Sindre Hotvedt – tangentar
http://www.annelidrecker.com/
ENGLISH
Anneli Drecker was in the nineties part of the absolute Norwegian musical elite as one half of the success duo Bel Canto. After this she has been touring with electronica band Röyksopp as her backing band. Through all the travelling she has discovered a need to seek her roots and so with her concert and record, Rocks and straws, she deals with the nature mysticism and vocal traditions of her native Northern Norwegian Sami heritage.