Trufaste taktskifter og tripple trommesoloar

A Jazz Odyssey! (foto: Vossa jazz/Lars Finborud
A Jazz Odyssey! (foto: Vossa jazz/Lars Finborud

Publikum måtte leita lenge etter eit ledig sete då jazzlinja frå Trondheim tjuvstarta, i tradisjon tru, Vossa Jazz. Heldigivs for dei frammøtte vossajazzarane tok det heldigvis ikkje lang tid før dei høyrde mangslungen jazz i øyrane.

Med eit ensemble frå stort sett heile Noreg (og Sverige) har jazzlinja, som i år går under namnet «2019: A Space Odyssey», vore på reisefot gjennom heile Noreg, og denne jazzreisa enda, litt ironisk, som opning for årets Vossa Jazz.

Dei lystne og kreative jazzfararane tok publikumma med seg på ei reise gjennom jazzrommet, og endå lenger. Med trufaste taktskifter, tripple trommesoloar og parallelle instrument, flaug jazzfartøyet avgårde ut til kanten av jazz, og tilbake att.

Del gjerne!

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.