Klangar, kontrastar og fiskesnørekora

Foto: Amalie Johannessen

Ei raspande, men klår stemme, eit gitarbasert, storslått klanglandskap og ein rytmefylt kora med fiskesnører som strengar. Kristin Asbjørnsen sitt konsept, “Traces of You”, slo publikum i bakken i dag. Sjølv med berre tre personar på scena, klarte bandet å skapa enorme klangar, harde rytmar og store kontrastar.

Og det er nettopp desse kontrastane som formar konserten. Bandet leikar seg frå det elektriske til det organiske, frå klangflater til rytmar, frå vestafrikansk tradisjonsmusikk til nordisk jazz. Den verkelege magien vert til når desse kontrasterande stemningane treff kvarandre og blandast saman. Når ein legg til Kristin Asbjørnsen si hese stemme i reknestykket vert svaret kvalitetsmusikk.

Del gjerne!

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.