Mambo Compañeros sparka i gang ein heidundrande dansefest då dei kom ut på scena natt til sundag. Med sine fengjande latinamerikanske rytmar viste det seg fort at dette ikkje var ein musikk å sitja stille til. Publikum forlet sitjeplassane sine og dansegolvet vart fort fylt opp. Mambo Compañeros sitt gode humør og glimrande utstråling fylte rommet med ein positiv energi som smitta over på publikum. Musikken var prega av eit eksemplarisk samspel og me fekk både virtuose og inderlege solistinnslag. Blant solistane var vossingen Kåre Kolve på saksofon. Med eit slikt strålande rytmisk overskot sit musikken i både kropp og sjel langt inn i seine nattetimar.
This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.