Rutinerte tonar frå nye trubadurar

troubadors

 

I programmet vert The new troubadours presentert som eit samarbeid mellom ein av Noregs beste jazzgitaristar og ein av verdas mest framstormande tenorsaxofonistar så forventningane hos publikum var nok skrudd i himmelen allereie før dei gjekk på scenen men i front av eit fullsett Pentagon innfridde herrane på scena – og det til gongs.

 

Inspirert av asiatiske tonar og intens gitarspeling akkompagnert av ein kontrabass ein synth og to feler leika The new troubadors seg gjennom ein heil time med moderne jazz i eit høyt tempo med teknisk god speling.

 

The new troubadours imponerte med eit non-stop show men sjølv om dei fekk berre den eine muligheten visste publikum å gje herrane den applausen dei fortente då dei gjekk av scena. Og den litt utradisjonelle bandsamansettinga laga ei veldig spesiell atmosfære i Pentagon denne laurdagskvelden umogleg for publikum å ikkje bli reven med av .

 

Del gjerne!

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.