Africa mon Afrique!

amadou_og_mariam

Laurdag kveld var det nemleg fest i Vossasalen på Park Hotell. Fest i salen fest i øyra og fest i hjarta.  Det var Amadou og Mariam som inviterte.   

På scena var det kordamer dansedamer trommemenn og ikkje minst dei to hovudpersonane sjølv i sine karakteristiske kvite kjortlar og solbriller. Det var nydeleg.

Det er ikkje utan grunn at ekteparet frå Mali vert omtala som «the magic couple». Alle som har fått oppleve dei skjønar kvifor. Dei har ei heilt eiga evne til å nå inn til publikum. Rytmane og stemmene deira set seg i kroppen. Eit kjapt blikk utover Vossasalen i går var nok til å konstatere at dei som var til stades såg ut til å ha gløymt sin norske kroppsidentitet for ei stund og dansa som om dei var frå langt sydligare strøk. Med stort hell faktisk.

Vossasalen vart med denne konserten forvandla til ein eksotisk stad. Ein stad som var varmare enn alle andre stader under festivalen akkurat på dette tidspunktet både fysisk og mentalt. Eit definitivt og udiskutabelt høgdepunkt for Vossa Jazz 2012 og i livet elles.

Del gjerne!

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.