Friske finnar og energiske engelskmenn

framsidebilde_2

Til Vossa Jazz har dei teke med seg tre av dei dyktigaste banda to av dei – Elifantree og trioVD – spelte på Fraktgodsen fredag kveld.

Elifantree leverte ein drivande konsert som fenga publikum frå fyrste stund. Vokalisten Anni song hjarteskjerande og intenst i nydeleg harmoni og skjønn disharmoni med Pauli på saksofon og Tatu på trommer/perkusjon. Saksofonisten viste alle i publikum at han også kunne spele bass – på saksofonen. Elifantree såg kule ut og dei høyrtest kule ut. Dette er eit karismatisk band med eit spanande uttrykk.

Før konserten til trioVD vart fylgjande kommentar frå ei vaksen dame i lokalet overhøyrt: «Dette er ikkje for sarte sjeler». Ho hadde heilt rett. TrioVD starta hardt og herleg og ikkje utan humor. Dei sampla inn element både frå introduksjonen til manageren og boybandet East17 og skapte eit trøkk utanom det vanlege. Innimellom tok dei likevel tempoet ned nokre gode hakk før dei let  instrumenta eksplodere i meir vellyd.

Eit oppmerksamt publikum fekk god valuta for turen til Fraktgodsen denne fredagskvelden.

 

Del gjerne!

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.