Flygande ekstrem Jazzeld

ekstremjazz-adnedyrnesli1-2

Prestegardslandet hadde fått ei ny utescene med Vangsvatnet og mektige Gråsida som vakker scenografi. Ekstremjazz og Karl Seglems Jazzeld hadde rigga seg til på ein litt utradisjonell stad for å gje publikum ei oppleving med vossanaturen som spektakulær kulisse. Med bukkehornet sentralt og eit knippe drivande dyktige musikarar ved si side lagde dei ei unik og innkluderande stemning i god Ekstremjazz-tradisjon. Med tende faklar vart publikum geleida gjennom Prestegardsalléen til ei slette fylt av lyd røyk og flygande ekstremutøvarar som kom farande gjennom lufta i ei imponerande samkøyrd oppvisning.

Del gjerne!