Ida si verd

Foto: Ådne Dyrnesli

«Vil dokk vær me oss på ei lita ræise?» Ida Jenshus og bandet inviterer oss inn i ei verd. Ei verd av kjenslevare tekstar sunge av Jenshus sjølv. Tekstar som vert formidla med euforiske arrangement av bandet, sett saman til ei opplevingssrik reise gjennom historia deira.

Det nye albumet «Starting Over Again» har hausta mange gode terningkast, og bandet gjorde ikkje seg fortent til noko dårlegare enn dei beste karakterane i går kveld heller! Dei leverte med all den intensitet dei etterkvart har fått så mykje åtgaum for. Alexander Pettersen på gitar, Pål Brekkås på bass og Pål Hausken på trommer utfylte, saman med Ida Jenshus på vokal, gitar og piano, kvarandre godt. Gruppa song og spelte inn i blomedekorerte mikrofonar og eit eventyrlandskap av tonar.

Den som ventar på noko godt… er det nokon som seier. Publikum måtte vente på ein litt forseinka start, men det som me fekk servert denne kvelden i Vossasalen, var verd å vente på. I dag kling nok singelen «Let it go» i tankene på alle som var tilstades, for alle vart bergtekne av Ida si verd!

Følg denne linken for å sjå meir om denne verda.

 

 

 

 

Del gjerne!