Ein gjeng jazzkattar som prøver seg på instrumental country? Himmelskip sin musikk er både «kyra-jazz», folkemusikk, eit pedal steel-fylt lydspor til ein innbilt vestern, og meir til.
På debutalbumet «Den siste kvegdriver» blandar bandet americana, jazz, nordisk folkemusikk, rock og dub til noko heilt eige. Det er filmatisk musikk som får fram bilete av prærie, fjellgardar, jernbanar og lokale ferjer.
Tenk deg at Bon Iver skreiv musikken til ein Sergio Leone-film, eller at Orions Belte gav ut ei pedal steel-plate på ECM. Himmelskip er likevel trygge på sin eigen musikalske identitet og har produsert albumet sjølve, med vintage og analog lyd i Amper Tone i Oslo.
Dei fire medlemmene møttest på Norges musikkhøgskole og er, trass i alderen mellom 20 og 26 år, alt røynde musikarar. Det har lenge vore skrive i stjernene at Himmelskipet skulle til Vossa Jazz, og dei landar fredag kveld i Jazzklubben på Park hotel.
Besetning
- Elias Wallumrød – gitar, pedal steel
- Simen Jakobsen Harstad – gitar
- Torjus Gravir Klykken – bass
- Tobias Rønnevig – trommer, harmonium
* Konserten med Himmelskip inngår i Huskort Park Fredag, Dagspass Fredag og Festivalpass. Ein kan ikkje kjøpe enkeltbillett til denne konserten.

