Ingrid Jasmin er ei spennande røyst i norsk musikk. Ho blandar nordisk folkemusikk, latin og R&B på tre språk, og Billboard har trekt henne fram som ein artist du bør ha på radaren. Tradisjonsmusikk som norsk folkemusikk og flamenco smeltar saman med urban pop akkompagnert av ei ekte og uttrykksfull røyst. I 2023 vann ho Spellemannprisen i Open klasse for det sjølvutgjevne debutalbumet «Luna». Sidan då har ho stått på scener som Vossa Jazz (2023) Oslo World, by:Larm, Trænafestivalen og NRK-scenen. Hausten 2026 slapp ho sitt andre album, og du har kanskje høyrt henne på radioen med låta «Reinlender 4 My X» der ho på videoen dansar reinlendar i gatene på Cuba.
Dans er eit viktig element i musikken og til konserten på Voss har ho med seg to dansarar!
«Fantastisk stemmeprakt» (Aftenposten)
«Forheksande» (Billboard)
«Spektakulært» (Ballade)
«Helt i front i dagens fornyelse av folkemusikktradisjonene» (Dagsavisen)
Besetning
- Ingrid Jasmin Vogt – vokal
- Almir Meskovic – trekkspel
- Jonas Barsten – trommer, perkusjon, elektronikk
- Sunniva Langås-Røiland – hardingfele
* Konserten med Ingrid Jasmin inngår i Huskort Park Laurdag, Dagspass Laurdag og Festivalpass. Ein kan ikkje kjøpe enkeltbillett til denne konserten.

