Festivaldiktaren 2027: Jon Refsdal Moe

Litteratur og Vossa Jazz er eit godt tospann og kvart år inviterer Vossa Jazz ein forfattar til å skriva ein prolog for opninga. I 2027 er me veldig glade for å ha med oss Jon Refsdal Moe. Moe (1974) er professor, forfattar og teatersjef for Black Box teater i Oslo. 

Etter mange år som skribent og kritikar debuterte han skjønnlitterært i 2017 med essayromanen Rant 1. I 2019 kom oppfylgjaren Rant 2. Rant er eit låneord frå engelsk, og tyder tirade, utblåsning og/eller talestraum.  Det fins ein rytme og ein musikalitet i språket til Refsdal Moe. Kanskje skuldast det høg eksponering av musikk og då særleg jazz frå oppveksten i eit blømande jazzmiljø i Oslo på  1970- og 80-talet. Han har dessutan ei kvass evne til å observere, dissikere og på litterært vis utagere mot kulturmekanismane som omgjev oss. 

«Moe har som kritiker, siden teatersjef ved Black Box og dekan ved Teaterhøgskolen i Oslo, alltid vært en fripenn av de sjeldne, som kan riffe over alt fra Frankfurterskolen og Marcel Proust til Sorgfellesskap og Guilty Pleasures.»

– Morgenbladet

I løpet av festivalen kan ein lytte til maratonopplesing av Rant 2  med forfattaren sjølv og improvisasjonsmusiker Nils Erga. Kom og gå når du ynskjer. Tidspunkt TBA.

Jon Refsdal Moe – tekst

Nils Erga – musikk

Foto: Jonas Mailand