Vossa Jazz og folkemusikkgruppa Kvarts har ei felles historie som går attende til 2010 då dei saman produserte ein konsert som vart ståande som eit glimrande prov på kva som kan henda når jazz og folkemusikk går opp i ei høgare eining. Kvarts inviterte med seg jazz-namn som Helge Lien, Torben Snekkestad og Birger Mistereggen. Live-opptaket frå Vossa Jazz vart nyleg utgjeve på plate sommaren 2026.
Dette bles liv i idéen om å lage ein oppfylgjar. Med seg har dei tre av dei fremste unge jazzmusikarane vi har i Noreg i dag, Heidi Kvelvane (saksofonar), Veslemøy Narvesen (perkusjon) og Anna Ueland (piano/ synth). Musikken er ny, men hentar inspirasjonen frå norsk og svensk tradisjonsmusikk. Når Kvarts no musiserer saman med jazzmusikarar frå øverste hylle oppstår musikalske impulsar som teiknar til å bli ein spanande og, utforskande og nyskapande konsert.
Dette er ein bestillingskonsert som vert skapt for Vossa jazz 2027 og ein samproduksjon mellom Kvarts og Vossa Jazz.
Besetning
Jo Asgeir Lie – trekkspel
Øystein Rudi – fele, hardingfele
Tom Willy Rustad – kontrabass, toradar, seljefløyte, munnharpe og gitar
Erlend Styve – vokal, gitar
Anna Ueland – tangentar
Veslemøy Narvesen – trommer
Heidi Kvelvane – saksofon
Kjøp billett til Opningskonserten her

