Festivalkunstneren 2027: Aurora Lund Solberg

Voss Kunstlag og Vossa Jazz inviterer kvart år ein biletkunstnar til Vossa Jazz.  Kunstnaren lagar eit verk som vert plakatmotivet til festivalen og det heile vert feira med stor utstilling i galleriet på Kulturhuset. I 2027 har Aurora Lund Solberg (f. 1987) takka ja til å vere vår festivalkunstnar. 

Solberg er utdanna biletkunstnar frå Trondheim og Bergen, og avslutta mastergraden sin med utstilling i Bergen Kunsthall i 2017.  Ho er kjend for abstrakte og store fargesterke vannmalerier malt med ein japansk teknikk som heiter Nihonga, der mange av fargane hennar er henta rett frå naturen. Pulveriserte mineral, skjell, koraller, og plantepigment, og pigment i gull og sølv vert bunde saman med nikawa, eit animalsk lim frå japansk måleritradisjon. Ved sida av måleria arbeider ho med kunstnarbøker og grafikk, og ho har laga offentleg kunst for alt frå Bybanen i Bergen til det nye sjukehuset i Stavanger. 

Det vert opning for utstillinga med minikonsert av Louien på Kulturhuset. Opninga startar 14.00, 19. mars 2027.