Tingingsverket 2027: Anja Lauvdal // Suddenly Born Into Color

Vossa Jazz har tinga Tingingsverket 2027 av Anja Lauvdal. Verket har arbeidstittelen «Suddenly Born Into Color» og blir urframført under Vossa Jazz 20. mars 2027.

Tingingsverket er det mest ambisiøse Vossa Jazz gjer kvart år, og i 2027 har festivalen tinga eit nytt verk av Anja Lauvdal, ein av dei mest allsidige musikarane, komponistane og produsentane i landet. Lauvdal er kjend frå jazz og improvisasjonsmusikk, men har òg spelt eksperimentell pop, rock og folkemusikk, og begge soloalbuma hennar på Smalltown Supersound vart nominerte til Spellemannprisen.I dette nye verket går ho tilbake til gospel- og salmemusikken ho voks opp med, frå barnekoret der ho byrja å spela piano som sjuåring. For henne står gospel for omtanke, trøst, transe, eufori, glede og nærleik til det som er viktig i livet.

«Når jeg sier gospelmusikk, tenker jeg først og fremst på melodiene. Kormusikk fra baptistkirkene, koralboken, Carole King, Alice Coltranes hybrid-gospel – en ‘bruksmusikk’-krysning mellom raga, gospel og jazz med masse improvisasjon. Den norske salmetradisjonen har jeg et nært forhold til, særlig gjennom min farmor som spilte i bandet sitt Øyslebø Sangsøstre. Bandet besto av fire damer som spilte salmer sammen i over 50 år. Tre av dem har gått bort, min farmor er 95 år nå.»

– Anja Lauvdal

Undertittelen «Suddenly Born Into Color» er henta frå eit dikt av Rumi og handlar om å tillata seg å leva ut sine indre fargar og retta merksemda mot det vakre. Kjernen i besetninga er ein ny trio med Ellen Andrea Wang og Vesleøy Narvesen. Dette er det 46. tingingsverket i historia til Vossa Jazz.

Besetning

• Anja Lauvdal – piano, farfisa-orgel, synthar, beats

• Ellen Andrea Wang – kontrabass

• Vesleøy Narvesen – trommer

Foto: Vossa Jazz

Uttale frå festivalleiar Frøydis Århus:

«Tingingsverket er det klart mest ambisiøse me gjer ved kvar festival. Me inviterer ein komponist som me ynskjer å lyfta fram, tingar eit verk hjå hen og er med som sparringspartnar og produsent frå start til konsert. Det er ei fri tinging, og festivalen legg ingen føringar på innhald eller tematikk.

Dette er det fyrste tingingsverket eg er involvert i som kunstnarleg ansvarleg for Vossa Jazz. Tradisjon og nyskaping har i all tid vore mantraet me jobbar etter, men eg meiner nyskaping må vera meir enn å skriva ny musikk, øva inn og framføra eit konsertverk. Nyskaping for meg er når publikum sit att med kjensla av å ha vore med på noko nytt, sanseleg, estetisk og erfaringsmessig. Mine seks år hjå Black Box teater var spesielt formative. Der fann eg at det som ofte rørte meg mest, var dei prosjekta der ulike kunstformer fekk blø inn i kvarandre og danna noko nytt og verknadsfullt som ikkje heilt let seg temja eller kategorisera. Valet av Anja Lauvdal botnar i desse ambisjonane om å strekkja konsertformatet til Tingingsverket.»

Kjøp billett til Tingingsverket her