I Camilla Hole Trio får norske slåttar og tradisjonsmelodiar nytt liv gjennom improvisasjon og eit særeige klangunivers. Hardingfeleslåttar finn nye vegar på saksofon og vibrafon, medan sjøfløytetonar kling side om side med mikrotonale synthklangar – som om desse instrumenta alltid har høyrt saman. Trioen gav i februar 2026 ut sitt tredje album, Langs, der dei utforskar musikk som har følgt dei lenge som utøvarar.
Besetning
- Camilla Hole – saksofon og sjøfløyte
- Knut Kvifte Nesheim – trommer og vibrafon
- Egil Kalman – kontrabass, modulærsynth og munnharpe

