Tradisjonen er tilbake – bli kjend med gamle Voss!
På denne vandringa gjennom Vangen får du små og store drypp frå den lokale historia. Du får mellom anna høyra om kor viktig jernbanen var, om den best kjende vossingen som har levd, om korleis bygda hadde eit stort alkoholproblem midt på 1800-talet, og om korleis Vangen vart oppattbygd etter krigen.
Turleiar er Eirik Helleve, som er styrar ved Voss folkemuseum og som i 2021 var redaktør for boka Vandringar på Vangen.
- Oppmøte: Gondolbygget, oppe på togperrongen.
- Slutt: Tinghuset/Gamlekinoen
Dette arrangementet får du med deg dersom du har enkeltbillett, festivalpass eller dagspass laurdag. Plassbillett er ikkje nødvendig for å delta.
Legg merke til at vandringa er ferdig kl. 14:30, i passande tid til å gå på konserten med Vildebjønns Selskap, Gamlekinoen klokka 15:00!
Foto
Vangsgata i 1933: Braaten/Voss folkemuseum
Vangen i 1908: Voss folkemuseum

