TINGINGSVERKET Lars Horntveth: Lambda

Tingingsverket av Lars Horntveth ber tittelen Lambda.

Lars Horntveth har sett spor. Sjangerhopparen har i over 30 år bevegd seg i skjeringspunkta mellom ulike uttrykk og format – frå samtidskomposisjon til pop, frå impro til filmmusikk. Undervegs er det blitt tre Spellemenn, deltaking på over 250 plater og turnear med mellom anna Motorpsycho, a-ha,Todd Terje, Susanne Sundfør og Thomas Dybdahl.

Som komponist har han gått frå noteblokk i Jaga Jazzist til partitur hjå KORK og Bit20, og har i tillegg laga musikken til Ølhunden Berit på NRK.

Med ei gruppe handplukka musikarar – somme han har spelt med, somme han lenge har hatt lyst å spela med – kjem Lars Horntveth med eit lydlandskap som kombinerer komponert materiale med improvisasjon, der ensemblet får både forma og utfordra musikken. Felles for deltakarane er openheit for å eksperimentera og bryta sjangergrenser i eit fellesskap der dei alle bidreg med eit unikt særpreg. Musikken vil spegla spennvidda til Horntveth sjølv; latinamerikansk tropicalia, organisk elektronika, nedstrippa ambient, psykedelisk rock og sjølvsagt jazz. Velkomen til ei konsertoppleving som vil glede både hjarte og hjerne.

Lars Horntveth – treblås, pedal steel, gitar, keys, komponist
Sissel Vera Pettersen – vokal, saksofon
Elias Tafjord – trommer
Torben Snekkestad – saksofon, trompet
Henriette Eilertsen – fløyte
Martin Morland – bass
Sander Eriksen Nordahl – gitar
Tuva Halse – fiolin, vokal
Joel Ring – cello, bass
Vegard Lien Bjerkan – tangentar

Foto: Paal Ritter

Denne konserten får du med deg dersom du har enkeltbillett til konserten, festivalpass eller dagspass laurdag. Om du har pass, anbefalar me å sikre deg med plassbillett (25 kr).