CAPTCHA

Kan du identifisere motorsyklar og trafikklys? I så fall har du bevist at du er eit menneske, og er kvalifisert til ein konsert med CAPTCHA.

Den nye trioen med den litt spesielle instrumenteringa, er kalla opp etter fenomenet vi ofte støyter på når vi romsterer rundt på internett, «Bevis at du er eit menneske!» – og så må vi til dømes trykke på alle ruter som inneheld ein kattepus, eller kaktusar, eller sjampo-flasker.

Å dra parallellar frå dette til sjølve musikken, er kanskje å ta det litt langt. Eller kanskje ikkje? Av og til komplekse rytmar som sjølv KI vil slite med å dechiffrere, innimellom tonale linjer inspirert av indiske ragaer – ligg det noko djupt menneskeleg, som vi alle kan relatere til. Musikk skapt av folk, for folk, i eit rom.

CAPTCHA er eit nytt og friskt tilskot til den norske jazzscena.

Øyvind Skarbø – trommer
Arne Toivo Sandberg – kontrabass
Jørgen Bjelkerud – trombone og shrutiboks

Foto: Irem Müftüoglu (Ø. Skarbø), Oddbjørn Steffensen (T. Fjose) og Kathrine Ween (J. Bjelkerud)

Denne konserten får du med deg dersom du har enkeltbillett til konserten, festivalpass eller dagspass sundag. Om du har pass, vurder å sikre deg med plassbillett (25 kr).