To menn er ute i mørket, opplyst med stertkt lys. Mann til venstre har kort hår, svart hettegenser, kilt, knestrømper, tradisjonell skotsk veske og har ein saxofon i handa. Mannen til høgre har hue, kvit skjorte med mandarinkrage, svart bukse, kvite sneakers, og han held ei knallblå skarptromme under eine armen. Dei ser ut til å stå framfor eit gamalt ruinbygg.

Norman&Corrie (UK)

Kva får ein dersom ein blandar Shetlands rikhaldige folkemusikkarv med fandenivolsk jazz? Jau, då får du Norman&Corrie, ein eksperimentell folk-duo som er samansett av Corrie Dick – ein trommeslagar frå Skottland og Norman Wilmore ein saksofonist frå Shetland.

Røtene i folkemusikken går djupt i dette prosjektet, men samstundes lagar dei eit uttrykk som ikkje heilt let seg fanga i ein sjanger. Dei nyttar orgelpedalar for å endra lyden i saksofonen og effektar i slagverkseksjonen som får dette til å låta langt rikare enn duo-formatet skulle tilseie. Det er sterke band mellom Shetland og Noreg og musikken vår er med på å understreka dette, for her kan ein lett dra parallellar til vår eigen tradisjonsmusikk.

«Å oppdage og forelske seg i musikken frå øyane mine, som har overlevd og vorte spelt i mange format i hundrevis av år, driv oss til å lage musikk saman. Vi ynskjer å verne om denne kulturen ved å vere ein del av han, skyve han inn i nye musikalske stadar og spele han for nye publikum.» – Norman Willmore om musikken deira

Norman Wilmore – saksofon og elektronikk
Corrie Dick – trummer og elektronikk

Foto: Laura Meek

Denne konserten får du med deg dersom du har festivalpass, dagspass fredag eller huskort fredag.