Aldri ein Vossa Jazz utan Badnajazz!

Foto: Anders Flatlandsmo / Vossa Jazz

Dei siste åra har det populære Badnajazz-programmet på Vossa Jazz vore utvida frå ein til to konsertar. I år måtte me til og med setje opp eit ekstranummer av laurdagens konsert, når Tingingsverk Badnajazz: Building Instrument i Ungdomshallen snøgt vart utseld.

Årets Tingingsverk Badnajazz var eit samarbeid mellom Bergens-trioen Building Instrument og Voss kulturskule, som hadde sett saman gruppa «Paprikapotetene».

Dei unge paprikapotetane har gjennom vinteren vore med på å lage og innstudere musikken, med stor fridom til å eksperimentere og setje saman det leikne lydbiletet, som vart presentert til stor jubel denne laurdagen. Verket hadde elles mykje av Mari Kvien Brunvolls signatur, med live framføring av ulike vokalarrangement gjennom ulike effekt-pedalar.

Foto: Grim Moberg / Vossa Jazz

Sundagens Badnajazz på Park var noko heilt anna: På scena stod det Bergensbaserte afrobeat-bandet Modal Trafikk klare med framsyninga «Trommer er best». Dei mange som hadde møtt opp i Vossasalen lurte nok på kva denne utsegna skulle bety. Det skulle dei snart få vite.

Framsyninga gjekk føre seg i eit førestilt øvingslokale, der ulike delar av bandet framførde ein humoristisk musikalsk krangel om kva instrument som er best –  gitar, bass, saksofon eller trommer? Sidan det var flest trommer, såg det lenge ut som trommene skulle vinne – men så slo dei andre tilbake!

Det vart mykje latter både frå scena og salen. Og som alltid i ein god komedie, gjekk det sjølvsagt bra til slutt. Konserten enda med fengande samspel, dansbare rytmar – og unge vossajazzarar som villig svinga seg med når bandet baud opp til dans.

Foto: Anders Flatlandsmo / Vossa Jazz

Skrive av: Inga H. Undheim

Del gjerne!

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.