Rystande dikt og musikk i Vangskyrkja

Foto: Grim Moberg / Vossa Jazz

Det var duka for ei sterk oppleving då forfattar Priya Bains og musikar Mira Thiruchelvam inntok Vangskyrkja laurdag. Konserten var eit gjenhøyr av tingingsverket «Oljedrømmen», fyrst skrive til poesifestivalen i Ulvik, etter at Bains blei tildelt det gjeve Haugestipendet i 2022. Frysningane ein sat att med etter konserten hadde ingenting med april-kulda å gjere. 

Priya Bains tok publikum med på ei reise gjennom dystopiske dikt om lys og varme, blod og olje, sildrande vatn og buldrande jord. Effekten saman med live lyddesign av multiinstrumentalist og produsent Mira Thiruchelvam var nok til å ta pusten frå ein. 

Trass i ei vesentleg dose vestleg skam, framtidsfrykt, klimaangst og maktesløyse gav Bains og Thiruchelvam plass til håpet, kjærleiken og den pustande naturen. Ei rystande framføring som sette den travle festivallaurdag på pause. 

Skrive av Symre Taugbøl Bang 

Del gjerne!

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.