Dei som sat heime med gullrekka gjekk jammen glipp av noko.
Kva får ein av å samle pumpeorgel, akkordion, kontrabass, saksofon, fløyte, vokal, elektronikk, to trommesett og fire-fem hardingfeler? Fullstendig kaos vil eg tru, med mindre musikarane er blant dei beste i Noreg, og komponisten er ein audmjuk vestlending.
Erlend Apneseth Ensemble i Gamlekinoen fredag må ein nesten skildre med det litt oppbrukte ordet magisk. Pust inn og les godt gjennom denne deltakarlista: Erlend Apneseth, Mats Eilertsen, Henriette Eilertsen, Rolf-Erik Nystrøm, Frode Haltli, Anja Lauvdal, Veslemøy Narvesen, Hans Hulbækmo, Helga Myhr, Selma French Bolstad, og Rasmus Kjorstad.
Ensemblet presenterte musikken frå Apneseth sitt nylanserte album «Song over støv» på meisterleg vis. Heldig var den som fekk servert noko så vakkert orkestrert og stødig levert, – ja, dei som sat heime med gullrekka gjekk jammen glipp av noko!
Den utforskande verdsmusikken ligg trygt i varemerket til plateselskapet Hubro, som Apneseth har samarbeidd med sidan debutalbumet «Blikkspor» frå 2013. Dei som oppdaga felespelaren frå Jølster for fyrste gong har mykje god musikk framom seg.
Skrive av Symre Bang

Foto: Ørjan Furnes / Vossa Jazz