Room Service består av ti unge musikarar frå Norge, Sverige og Danmark. Gjennom originale komposisjonar vart publikum tatt med på ei musikalsk reise som fremheva kvar enkelt av ensemblet sine unike stemmer.
På denne konserten vart publikum teke med på ei groovy jazz-reise frå start til slutt. Jazzmiljøet ved NTNU leverer varene på ein av dei første konsertane på Vossa Jazz. Det er leikande speling, der ein tydeleg ser at bandet koser seg. Eit tjuetalls publikum tok turen til turistkontoret, og satt igjen med ei fin oppleving ,der dei fekk høyre varierte instrumenter. Det kan nemnast at dei hadde fleire “pop-ups”- konsertar med godt hell i løpet av fredagen.
Bandet fortel at det er første gong dei er på Voss. Sidan dei koser seg gløgg, men berre er i bygda denne fredagen, lovar dei å kome attende neste år!
Skrive av Symre Bang

Foto: Ørjan Furnes / Vossa Jazz