Mørkret senka seg fredag kveld i ein nesten fullsett kinosal. Like etter fyldes han heilt av stemma til svenske Amanda Bergman, mellom anna kjent som frontfiguren i superbandet Amason. Herre gud. For ei røyst ho har; for ei stjerne ho er!
Bergman trollbatt både gamle og unge med røysta og rekka av hits ho og bandet hadde med seg. Av høgdepunkta ho serverte var “Falcons” og “Golden”, samt “Wild Geese, Wild Love” frå det siste albumet hennar. Alt saman med ein coolness berre svenskar tør iføre seg i hjartet av Vangen.
“Ho er perfekt” kunne ein høyre publikum kviskre mellom radene. Men sjølv ikkje ei stjerne er det, for under siste nummeret så snubla Bergman i teksten. “Fan, jag kommer inte i håg,” sa ho og stoppa heilt opp. Publikum slutta å kviskre. Istaden ropte nokon teksten, “Ja just, tack!” svara Bergman aud mjukt frå scena, før ho og bandet fortsette, taket på Gamlekinoen løfta seg, og stjernehimmelen for fyrste gong denne kvelden synte seg på Voss.
Skrive av Eivind Toft