Fredag ettermiddag var det trongt om plassen på Voss kulturhus. Folk hadde tydelegvis ikkje berre tenkt å få med seg opninga av årets festivalutstilling; ryktet spreidde seg også raskt om høge salstal på opningsdagen. Og ein kan forstå korfor: Utstillinga «Gledens tid» er spektakulær.
Årets festivalkunstnar Axel Vindenes, er per dags dato mest kjent som frontfigur Bergens-bandet Kakkmaddafakka. Etter festivalutstillinga på årets Vossa Jazz å døme, er det kanskje likevel berre eit spørsmål om tid før han er best kjent som kunstnar.
Som kunstnar har Vindenes førebels markert seg gjennom ekspressive og impresjonistiske måleri med klassiske Bergens-motiv. Då han fekk førespurnad om oppdraget som årets festivalkunstnar på Voss, ga det kunstnaren nye idear.
– Plutseleg fekk eg behov for å male natur. For meg er Voss natur, sa Vindenes under opninga.
Utstillinga viser også tydeleg at vendinga har vore fruktbar. Motivkretsen spenner frå kjende vestlandske fjell- og fjordlandskap som Stalheim, Flåm og Aurland (ja, sjølv Voss), med tydelege referansar til kunstnarar som Nikolai Astrup og Henri Matisse.
Stilen er likevel særeigen for Vindenes; maleria er umiskjenneleg «gledens», for no å bruke Vindenes og utstillingas eige kjerneomgrep. Og skulle ein enno ikkje ha fått med seg utstillinga, så er det berre å glede seg!
Opningstider kunstutstilling:
Fredag: 15-17
Laurdag: 11-15
Sundag: 13.30-15.30
Skrive av Inga Undheim