På Vossa Jazz skjer det noko heile tida – også utanfor hovudscenene! 

Foto: Room Service

Er du på utkikk etter ei konsertoppleving litt utanom det vanlege, kan du oppleva Popup-konsert i lokalet til Turistinformasjonen fredag 11. april kl 15:15. Her speler nemleg framtidas stjerner frå andre klasse på Jazzlinja ved NTNU i Trondheim! Dette blir ein konsert av eksplosiv kraft og hudlaus ærlegdom. Same dag spreier dei jazz rundt om i sentrum med fleire popup-konserter på Vangen. 

På laurdag kan du også få med deg Moods frå andreklasse ved Griegakademiet! Dei startar laurdag med konsert i Gamlekinoen før dei bevegar seg rundt på Vangen og avslutter dagen med jazzjam og Lindy Hop i Ungdomshallen. Har du lyst til å svinga deg til livemusikk? Då kan du delta på Lindy Hop-kurs i Ungdomshallen tidlegare på dagen!

Er du tørste etter ein velsmakande pause? Kvestad sideri kjem til Vossa Jazz og Gamlekinoen for sidersmaking på laurdag under festivalen. Arrangementet er klokka 18:30 og billettar for 300 kroner kan du kjøpe i døra. Det er berre plass til 30 stykke og førstemann til mølla! Ein gyllen sjanse til å smakte på noko av det beste frå Voss. 

Jazzprat og kaffikos på Tre Brør!

Djupe dykk, gode historier og spennande gjestar – i samarbeid med salt peanuts og Jazznytt inviterer me til festivalpodkast på Tre Brør! Slå deg ned med ein kopp kaffi og få med deg innsiktsfulle samtalar om jazz, festivalopplevingar og alt som høyrer med. Me får besøk av mellom anna Kjetil Møster, Norma Winstone og festivalsjef Roger Urhaug. Fullt program er tilgjengeleg på nettsidene våre. 

Alt dette – og sjølvsagt eit heftig konsertprogram – ventar deg på Vossa Jazz! Det er mange grunnar til å gle seg til festivalen, så hugs å sikra deg billett.

Del gjerne!

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.