Trude fekk Voss kommune sin kulturpris!
Vossa Jazz sin daglege leiar Trude Storheim vart sundag 6.12. tildelt Voss kommune sin kulturpris for 2009.
Det var leiar i utval for miljø og kultur Rigmor Skeie Petersen som stod for utdelinga og i grunngjevinga var det lagt vekt på at Trude syner eit brennande engasjement i alt ho gjer er uredd målretta ser løysingar og har evne til å lytte og drar med seg andre i spennande prosjekt. Trude er ein god ambassadør for vossebygda.
Prisvinnaren seier det er stor stas å verta tildelt kulturprisen og ho takka Voss vossingane kulturkollegane spesielt dei i Vossa Jazz som har inspirert og lært ho så mykje.