Verdien av kulturlivet for Voss – ringverknadar av Vossa Jazz

«Norsk musikkråd, NOPA, NKA, NJF, CREO og Voss herad bestilte i 2024 ei analyse frå Samfunnsøkonomisk analyse AS om verdien musikalske hendingar har for eit lokalsamfunn med fokus på Vossa Jazz. Deira samla vurdering er at Vossa Jazz gjer Voss til ein betre stad å bu og leva og har store ringverknadar for lokalsamfunnet.

Vossa Jazz bidreg til at Voss er ei meir attraktivt bygd å bu og jobba i, og festivalen har ringverknadar for næringsliv med auka trafikk og inntekter til overnatting, mat og handel. I tillegg bidreg festivalen til at bransjeaktørar som til dømes Sprilt har bygd seg opp som eit selskap som driv på heiltid.

Vossa jazz sin hovudsponsor, Vossa Jazz-Lauget omfattar bedrifter med lokal tilknyting og som ser verdien av merkevara Vossa Jazz.»

– Trude Storheim, sjef for kultur og fritid i Voss Herad og festivalsjef i Vossa Jazz frå 2007 til 2023.

Les heile rapporten her:

Del gjerne!

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.