Tingingsverket: Ei oppvising i musikalsk sjølvtryggleik

Hanna Paulsberg, "Do you want my job?", Foto: Anders Flatlandsmo, Vossa Jazz
DSC01502-Hanna-Paulsberg-VossaJazz2024-Foto-Anders-Flatlandsmo

I årets Tingingsverk, «Do you want my job?», ville Hanna Paulsberg mana fram ein cowboy, og mana fram lydsporet som fylgjer hans veg. Då ho entra scena var det med cowboyskjorta på og saksofonen i hand, mogen for å gjera utframføringa for ein sprengfull Vossasal.


Hanna Paulsberg, "Do you want my job?", Foto: Lina Navarro, Vossa Jazz
Hanna Paulsberg, «Do you want my job?», Foto: Lina Navarro, Vossa Jazz


Heldt godt i taumane

Paulsberg hadde med seg eit solid band, og verket var stautt frå fyrste tone. Det skulle visa seg å verta ein særs stemningsfull konsert, nett slik Paulsberg sjølv hadde lova, og hennar barndoms cowboy vart mana fram i all sin musikalske kompleksitet. Den støduge cowboyen, den sturande, den einslege, den modige, den sårbare – og ikkje minst – den danseglade cowboyen. Samstundes får Paulsberg ros for å ha halde godt i taumane på eit verk som til publikums hugnad verkeleg bar preg av å vera eit overskotsprosjekt. 


Hanna Paulsberg, "Do you want my job?", Foto: Anders Flatlandsmo, Vossa Jazz
Hanna Paulsberg, «Do you want my job?», Foto: Anders Flatlandsmo, Vossa Jazz



Kred for å halda det enkelt

– Ho skal ha stor kred for at ho torde å gjera det så enkelt. Det var fantastisk likandes
musikk å høyra på. Paulsberg må jo ha spelt dansemusikk! Det er eit stort kompliment frå mi side, seier Gabriel Fliflet til Hordaland, medan Nils Kvamsdal seier til same avis at årets Tingingsverk kjem svært høgt opp på lista over alle han har høyrd. Dei var mildt sagt ikkje åleine om å vera begeistra for Paulsberg sitt verk – kviskring av lovord byrja ta til blant publikum så snart den spontane ståande applausen stilna i Vossasalen.

Det er lett å sjå for seg at vesle Hanna, som fell pladask for roots rock då ho vart introdusert for bandet Little Village som seksåring, ville vorte like medriven av denne oppvisinga i musikalsk sjølvtryggleik. Det som i alle fall er heilt sikkert, er at det kjem til å gå gjetord om denne cowboyen i lang, lang tid. 

I Musikklivet på NRK Radio kan du høyra intervju med Hanna Paulsberg, og eit utdrag av tingingsverket.


Medverkande:
Hanna Paulsberg – saksofon
Viktor Wilhelmsen – gitar
Dan Peter Sundland – bass
Erik Nylander – trommer
David Solheim – lyd

Del gjerne!