Unge utøvarar er sterkt representert på årets Vossa Jazz, og studentar frå Griegakademiet i Bergen, Jazzlina i Trondheim og Ole Bull Akademiet på Voss har levert kvar sin støe konsert.

Festivalstart og turnéavslutning for «Tell Us»
Studentane frå jazzlina i Trondheim var festivalens aller fyrste konsert fredag i Gamlekinoen, før dei tok turen opp i gondolane for å halda konsert på Hangurstoppen seinare same dag.
– Det er spesielt å vere fyrst ut på ein så stor festival, samstundes som at det er vår siste konsertdag på turneen. Det er sjukt at me får til å reise heile klassa saman på denne måten, seier filolinist Børge Brustad.
Klassebandet på 16 stykk kallar seg «Tell Us», inspirert av vår heimlege planet, og har alt frå eksistensielle balladar til groovy gladlåtar på repertoaret.
Saksofonist Åsne Fossmark stadfester at alle har jobba hardt med prosjektet som resulterte i ein omfattande noregsturné.
– Det har vel vore mellom 30 og 40 øvingar, der me har følgt alle sine låtar frå vugge til grav, om ein kan seie det slik. Her kan alle musikken ordentleg godt, noko me kanskje ikkje vil få oppleve igjen. Jo proffare ein blir, jo mindre tid blir det ofte til førebuingane, seier Fossmark.
Ei festleg helg på Vossajazz er jo ikkje den verste turnéavslutninga, og studentane blir å sjå blant publikum.

Svingande studentspelemannslag
Norsk folkemusikk er ein sjølvsagt ingrediens i den musikalske cocktailen som er Vossa Jazz. Difor var det på sin plass at Strengjarhaugen Spelemannslag, samansett av studentane ved Ole Bull Akademiet, fekk plass i årets festivalprogram. Okei, så var det kanskje ikkje jazz, men svinge – det kan dei!
– Dei fleste arrangementa me har er resultat av det som fyrst var improvisasjon og testing saman, seier felespelar Iselin Aukrust.
Med eit vakkert arrangement av hardangerslåtten «Kongstunen» vart stemninga sett frå fyrste tone, og eit letta sukk gjekk gjennom publikum. Feler, toradar, trekkspel, harpe, langeleik, gitar og song fylte banken med god musikk, den høgste av alle verdiar.
Trekkspelar Vegard Hansen ser mange fellesnemnarar mellom folkemusikk og jazz.
– Vossajazz har eit variert program som opnar for å krysse sjangrar, seier Hansen, som også vil arbeida som teknikar på festivalen.
Dei trekker også fram at jazz og folkemusikk har det til felles å lyfte fram utøvaren si «eiga lyd», framfor eit ideal alle skal passe inn i.

Felles om Griegakademiet
Bandet frå Greigakademiet, beståande av studentar og lærarar frå både jazz og klassisk, blei ein smakfull start på dagen for ein full foaje på Gamlekinoen laurdag.
– Gøy, kjekt, fint og bra, seier gitarist Sune Dommersnes etter konserten, eg kjem nok til å vere på Vossa Jazz kvart år. Helst for å spele sjølvsagt, men eg kjem uansett.
På konserten treffer me også Gaute Ullestad Moen, leiar av Yngdajazz som er Vossa Jazz si ungdomssatsing. Han brenn for å gje studentane, som speler gratis, ei god og profesjonell oppleving som festivalmusikarar.
– Det er stort å få spele konsert i det heile tatt, og her blir det, som du ser, fort fullt av publikum som set stor pris på ungt spel, seier Moen.
Han rettar òg merksemd mot mange unge blant dei friviljuge arbeidarane.
– Det er vel så viktig å ha ungdommar representer bak scena som på scena, og me ser heldigvis at mange kjem attende seinare år, seier Moen.