Martha Wainwright, foto: Vossajazz/Olav Aga

– Kjærleikssongar når ein er 40, er ikkje det same som då ein var 20

Vangskyrkja vart fylt av vossingar som ville oppleva visesongen til verdsvande Martha Wainwright sundag. Hennar nyaste albumet «Love Will Be Reborn» handlar om det å vera midtvegs i livet, det vanskelege som har vore og vegen vidare. Kanadieren leverte ein nær og tankjefull konsert, med sterk song, stødig snakk og til tider tussete trommemaskin.