Realistisk mystisisme

Tingingsverket Vindall (Foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem, Vossa Jazz 2022-7
Tingingsverket Vindall (Foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem, Vossa Jazz 2022-7

Ein vart fanga i eit lengslande lyrisk landskap, der ein både kunne få assosiasjonar til båtlivet i skjærgarden på sørlandet, tur i eit undulerande landskap eller telting i djupe urskogar. Ein vart nærast abstrus der ein sat i det dunkle rommet og lytta.

Tingingsverket anno 2022 vart eit møte mellom folkemusikk, urnorsk mystisisme og jazz – ispedd ein god dose kaos med bakgrunn i tvillingdøtrene til Andreas Ulvo. Stemninga vart satt med låten Marilous dans, ein hymne til dei ovenfornemnde døtrene, der det underfundige vart kombinert med lettbeine feler, medan barokkharpa gjorde det heile komplett med sine vene tonar.

Verket gav musikarane fleire moglegheitar til å skine for seg sjølv, samstundes som samspelet mellom dei sju musikarane var eminent. Særleg Mads Eilertsen (kontrabass) fekk syne sin virtuositet gjennom fleire soloar.

Det draumande, svevande – men likevel jorda lydlandskapet, fekk publikum til å sitja å lytte og undre. Tingingsverket à la Andreas Ulvo vart ei fortreffeleg sjangerblanding og mottok velfortent ståande applaus frå samtlege frammøtte.

Del gjerne!

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.