Medan vinden bles kvast over Vangen

Marius Klovning (Foto:Vossajazz/Ådne Dyrnesli)

“Eg har aldri vore på Finnesloftet – eller har eg vore her før, Mamma?” spør Vossingen som har vakse opp eit par steinkast nedi gata. Publikum humrer då eit snøgt “ja” lyder soleklart frå salen. “Men eg har i alle fall ikkje spelt så kaldt før!” 

Marius Klovning har funne vegen til Finnesloftet, Vossajazz si løynlege luftige lomme. Publikum sit tulla inn i tepper, skjerf og sjal, som i kvar i sin lune kokong. Medan vinden bles kvast over Vangen, kan me varma oss på Klovning sine vårlege melodiar og vare tonar. Etter fyrste låt vert dei siste to ledige setene kapra i det til randen fylte Finnesloftet. 

Frå kveikande glissandoleik på Ellingsrud til melodiske kjærleiksbrev til Besten i Bestenvalsen – Klovning let jazzen og bluesen og folketonane anda i mjuk eufoni.

Del gjerne!

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.